Axel  Arbo blank
 
Av Anton Aure 
 
Nokre gamle maalmenner
Stutte skildringar fraa den fyrste maalstrævstidi
II. Axel Arbo 
 
Millom dei som freista seg med serformer i landsmaalet den fyrste tidi, maa ein og nemna dr. Axel Arbo. Han høyrde ogso til dei som vilde leggja maalet nærare inn til gamallnorsk enn Ivar Aasen hadde gjort; men so gamallnorsk som Jan Prahl i "Hungrvekja", var Arbo ikkje. Det er mest i nokre endingar og i sume einskilde ord han skil seg ut ifraa Aasen.

Det var i 1859, aaret etter at "Hungrvekja" var komi, at Arbo gjorde sin vesle freistnad med aa skriva nynorsk. Det vart aldri noko meir enn denne freistnaden med honom; men daa det er sers forvitneleg for oss maalfolk aa høyra um alle som freista seg i desse aller fyrste aari, so tek eg Arbo med her.

Axel Christian Smith Arbo
vart: fødd i Aamlid i Nedenes den 2. mai 1825. Far hans William Arbo var daa prest i Aamlid. Han las privat til studenteksamen, som han tok i 1841. Daa han i juni 1842 hadde teke andre-eksamen for han til Kjøbenhavn og studera medisin der i tri åar. So kom han attende til Kristiania og tok medisinsk embætteseksamen i oktober 1848 med haud. Han la seg sers etter aa studera naturfag, helst daa botanik, og han skreiv ei lærebok i botanik som vart lenge brukt paa skularne. I fleire aar var han lærar i naturfag paa Nissens skule og gav desutan privatupplæring aat studentarne. Han var jamvel med aa tevla um eit professorat i botanik; men professor vart han ikkje, og det tok han seg Svært nær av.

I aari 1855-57 var han kandidat paa rikshospitalet, og vinteren 1857-58 var han konst. distriktslækjar i Nøre Ryfylke. 5umaren etter var han i Fosen og sidan ei stund i Øiestad ved Aren­dal. I juni-september 1859 var han lækjar i Nedre Telemarki, medan det gjekk ein fæl blodgangsfarang (epidemi) der; men so fekk han sjølv denne sjukdomen og maatte slutta. Daa han so hadde friskna til att var han eitid lækjar i Øiestad. Men so vart han heilesjuk i fyrstningi av 60-talet, og han maatte til Gaustad asyl ei tid. Mange trur at det var avdi han ikkje fekk ei gjenta som han var glad i.

Etter 1863 budde han heile tidi i Øiestad; men daa han ofte var sjukleg, dreiv han lite med lækjararbeid. Han brukte mest tidi til lesnad og, vitskaplep gransking. I dei fyrste aari var det serleg lækjarvitskap og botanik han dyrka, og han hadde brevskifte med fleire kjende vitskapsmenn rundt i Europa. I den seineste tidi studera han helst religionsfilosofi; han var stødt paa leiting etter sanningi. Kyrkjesoga var han vel heime i, og samelis hadde han sett seg grundigt inn i mange av dei andre religionar, buddhisma, brahmalæra og fleire andre. Mange av dei gamle maali hadde han ogso lært seg, soleis indisk, persisk og sanskrit og desutan fleire europæiske maal.

Dei straumdrag som var framme i aandslivet her heime og ute i verdi, fylgde han vel, og sume av dei vigtugaste aandstraumar som kom upp i den utlendske bokheimen, vilde han freista aa leida inn i den norske. Han var soleis ein av dei fyrste her i landet som la seg etter positivisma, og i 80­aari gav han ut ei bok um "Positivismens rene idì ". Dei filosofiske verki til Friedrich Nietzche las han, og han var frami teosofien og mangt anna. Eit par andre filosofiske verk som han skreiv fær eg berre nemna her. Det eine heitte "Betragtninger over sjælens væsen og de vigtigste sjælelige tilstande. En henvendelse til alle sande kristne", og den andre: "Om tretalstanken. En redegjørelse".

Men det som me her helst vil minnast, er ei bok som han skreiv i sine unge dagar. Boki heiter "Tourist-Skizzer", og nokra av desse skissone er skrivne paa norskt maal. Han hadde ferdast mykje rundt i landet, Arbo, og her fortel han um noko av det han hadde set paa ferderne sine.

Norig var ikkje slikt eit turistland den gongen som det no er. Utlendingen hadde ikkje enno rett fenge auga paa den storfelte naturi vaar, og her heime var det faae som tok ut paa ferd berre for aa sjaa. Arbo var ovleg glad i naturi, og difor for han yver store luter av landet og fekk sjaa mykje av det som var storfelt og fagert. Han tok gjerne ut um dei vanlege ferdavegar og kom difor mange stader som det sjeldan eller aldri hadde fare turistar fyrr. Han var jamvel den fyrste ferdamannen som var paa Galhøpiggen.

I denne boki vil han syna folk noko av det store og gilde han hev set, og han fortel maalande og livfullt, so boki er forvitneleg aa lesa, endaa stilen er noko unorsk. Men det som gjer boki mest forvitneleg for oss er dei tri stykki som er skrivne paa nynorsk. Arbo hadde eit uvanlegt fint maaløyra, og daa han paa ferderne sine lærde aa kjenna det norske folkemaalet, skyna han snart at hans eige maal ikkje var norsk. Dette kjem klaart fram i fyreordet til boki:

"Som det af det følgende vil sees er enkelte skizzer skrevne i det norske sprog, som efter i saa 1ang tid at have været reduceret til et bondemaal, endelig ved de seneste tiders nationale bestræbeiser atter er bragt frem i skrift. At under disse omstændigheder sprogets grændser ikke kunne være fast opstukne, er naturligt; men de kunne dog nogenlunde fastholdes af enhver der med opmerksomhed har fulgt sagens gang. Hvad det her hovedsagelig kommer an paa er at opfatte sproget i dets continuitet med det oldnorske; thi kun paa denne maade vil det præg af plathed, der er den værste anstødsten i denne sag, kunne undgaaes. De læsere der finder sin nationalitet tilstrækkelig repræsenteret ved vort almindelige danske skriftsprog, vil gjøre bedst i ganske at overspringe de paa norsk skrevne skizzer, som desuden neppe vil kunne forstaaes uden af dem, der ere fortrolige med vort folkesprog eller have lært old norsk. At de læsere derimod, der tænke anderledes om denne sag ville vel disse skizzer betragtes med særlig interesse, ihvorvel vistnok de færreste vil finde sine forciringer til den nationale fremstilling fyldestgjorte. Den nynorske stræben har som enhver ny idee store vanskeligheder at bekjæmpe, men engang paabegyndt vil sagen dog ikke falde, og derfor har jeg ikke taget i betænkning ogsaa at lade disse ringe forsøg følge med her."

Som ein ser held han her fram plent den same aristokratiske tankegangen som P. A. Munch hadde vore inne paa, og som Prahl hadde halde so sterkt fram i "Hungrvekja". Til prøvepaa maalet i boki hermer eg her nokre linor av stykket "Hedalin og Gjende":

"Jøtunfjølli høyra til dei fjøllstrok, som fyrst i seinaste tidum hava verit àthugade af vàre eigne og framande ferdamenner; ekki mange àr tilbaka vàro dei meste deilin ukennde, og fyrst dà dei vid landupmàlingi vàro betre utgreidde og làgo i eit klàrare ljos, vard mei re gaum gevit à detti undarlege samlag av fjøllkempur med myrke votn og djupe isfyllde dalar segimillum, sume stadir gevande rum fyrir store fjordar, vide flatir og lange stødledalar, men ingin stad missande sit sermerkte uttrykk af àlvor og einsligheit, aldrig innbjodande vandrarin til lengre uphald, synande honum eit blidare huglyndi; men heldr som ein uvinleg eigare skræmande honum burt frà sine einemerkir."

Vinje melde boki i "Dølen" og let svært vel. Um Arbo segjer han at han "er ein af dei norske etter min hug og med so stor maalkjensla i bygdarmaal, at her kanskje ikki er fleire en tvo tri i heile landet, som ero betri, og gamalnorsk kann han so mykit av at han kan n reinska maalet." Han helsar Arbo som medarbeidar i "Dølen", og han skriv daa og same aaret (1859) ei forvitneleg melding av Ivar Aasen si umskrift av "Fridtjovs saga"; men meir kom han ikkje til aa skriva paa nynorsk. Maalmann var han nok all sin dag; men han vart sjukleg og kunde ikkje koma paa ferd meir, og so grov han seg ned med bøkerne sine. Og det han sidan skreiv var ikkje slikt han kunde skriva paa nynorsk. Han fekk elles ikkje nytta dei rike gaavorne sine heilt ut og fekk ikkje bruka sine store kunnskapar. All sin dag livde han einsleg, og folk som ikkje skyna honom sa han var "rar". Han døydde i mai 1906, 81 aar gamall. Heile midelen sin (uml. 10000 kr,) gav han til eit legat som skulde vera til hjelp for medisinske studentar.

Frå For Bygd og By. Nr. 19. 3. aarg. Sundag 20. september 1914. Kristiania. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad

Tilbake